Membership #
Password
 

omoss01.jpgOm oss

Hotellet er eit av dei eldste og mest tradisjonsrike i Bergen. Historia skriv seg tilbake til 1918, då Bondeungdomslaget og private luteigarar bestemte seg for å skapa ein overnattingstad for folk som kom frå utkanten.

I dag framstår hotellet som topp moderne. omoss06.jpgDei 64 romma er alle nyoppussa, og med si sentrale plassering er hotellet svært populært både for gjestar som treng overnatting og til kurs og konferansar. Trass i det moderne miljøet, har ikkje hotellet gløymd sine røter i form av god mat, historie, kultur og tradisjon.

Til gjestefridom høyrer god tradisjonsrik og ikkje minst heimelaga mat. Vi serverer sjølvsagt den bergenske spesialiteten prinsefisk, raspeballar med alt tilbehør og mors beste kjøttkaker. Svært mange kjem til oss nettopp på grunn av vårt gode kjøkken.

Heile hotellet er prega av friske og delikate fargar. I resepsjonen har vi valgt ein kombinasjon av nytt og gamalt. Her finn du blant anna deler av ei større møbelsamling laga av den kjente treskjæraren Lars Kinsarvik. Han døde i 1925, men etterlot seg eit stort antal verdifulle arbeid som hotellet i si tid sikra seg delar av.

Velkommen til oss!

Bilutleie

Avis Bilutleie

Hertz Bilutleie

National Bilutleie

 

 
 

Avstander

Flyplassen, 19 km
Jerbanestasjonen, 2km
Busstasjonen, 2km   
Strandkaiterminalen  200 m. Avg. flybuss og båter til  Stavanger & Sogn.
Flybuss,  pris sentrum – Flesland Kr. 60,-
Flaggruten; båt mellom Bergen, Haugesund og Stavanger.
Fylkesbaatane; båt frå Bergen til Sogn og Nordfjord.
Gratis buss til busstasjonen
Hurtigruten;  gratis buss
 
 

Samarbeidspartnarar og vener

Best Western Norge
Best Western International
VisitBergen
VisitNorway
 
 
 

Utflukter i Bergen

Fjord Tours www.fjordtours.no
Buss; Gaia trafikk  www.gaiatrafikk.no  Sightseeing i Bergen
Fjord sightseeing www.fjordabaaten.no
Fjordcruise www.fylkesbaatane.no
 
 

Attraksjoner i Bergen

Edvard Grieg Museum www.troldhaugen.com
Akvariet  www.akvariet.com
Ulrikken www.ulrikken.no
Fløibanen www.floibanen.no